onsdag, juli 03, 2013

Dagbok 2013: 3.juli

Klokka er 17.15, temperaturen ute er + 17 grader, og det regnar litt innimellom. I dag har eg vore inne heile dagen så langt, og eg har gjort noko. Eg har baka brød og eg har flytta ei bokhylle. Å flytte ei bokhylle er litt av ein jobb, med bering av bøker, vasking av hylle og vegg, etc. No skal vi til å flytte lampar og bilde tilsvarande. Ja, dette høyrest litt innvikla ut, men ommøblering er aldri heilt enkelt.
Vi har hatt oss ei god kvilestund etter middagen, så eg har nesten lese ut boka mi.
Elles har vel dei fleste fått med seg at Solveig fyller 50 år i dag, og at ho er i Roma. I samband med jubileet har eg leita og funne fram gamle bilde. Har ikkje så mange bilde frå barna var små, for på den tida var det berre Svein som hadde fotoapparat, derfor er mange av bilda tatt på Eid. Bildet over la eg også inn på FB. Der er vi 4 generasjonar. Trur Solveig er ca 3 veker gammal, eg er 23 år, mamma er 59 år og besta 84.
Solveig og eg vart verande på Eid etter fødselen, til det nærma seg skulestart, då følgde mamma meg til Raudeberg og var der til Nils kom heim frå havet. Då var Solveig 6 veker gammal. Faren passa henne mens eg var på skulen, og det gikk fint. Solveig var eit rolig barn, som sov heile nettene frå ho var ganske lita.
Ho vart døypt i Nord-Vågsøy kyrkje same hausten;  mamma bar henne, Svein og vi sjølve var fadderar. Det var ingen stor barnedåp.

Då Solveig var 1 år og fire månader gammal, vart ho storesøster, og det var ei skikkelig flink "syste" også. Ho blei storejente i ein fart, og heldt kustus både på broren og lisjesysta som kom nokre år seinare. Og slik har det i grunnen halde fram. Søskena har delvis innrømt at dei hadde meir respekt for Solveig enn for meg. Det kan komme vel med å ha "naturlig autoritet" når ein er firebarnsmor og lærar i ungdomsskulen.
I dag på 50-årsdagen hennar har eg altså valt å legge inn skikkelig gamle bilde, frå ei tid som både synest fjern og likevel så nær.
Melle-vinteren 1968-69
Gratulerer med dagen, Solveig.

2 kommentarer:

solveig sa...

Familien har vorte større etterkvart! Det spøts kortid vi vert fire generasjonar på eit bilde att. Der et eitt frå då Einar var ei veke.

Hildegard sa...

Gratulerer med jubilêet! Kjekt å sjå dei gamle bilda.
Helsing Svein og Bodil

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...