fredag, april 26, 2024

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Vernet, med bilda i dag igjen får eg ikkje tak i, ofte kjem det seg når det har gått ei stund. Eg får vente å sjå.
I dag har eg vaska "fredagsvask" og gjort diverse husarbeid. Eg gjekk ned og ville rydde i tilbygget, men då steika ryggen heilt, så eg måtte gi meg på det. Det er irriterande å måtte gi seg, men eg kan ikkje gjere noko for å få ein betre rygg. Eg får vere glad til at eg slepp å verke når eg er i ro. Men det gjekk fint å ta runden å Vernet, så det fekk eg gjort.Det klårnar meir opp etter kvart ser det ut til, men der er store skyer på himmelen.
I morgon ventar eg Rasmus på besøk, og det ser eg veldig fram til. Han skal vere her til 1.mai. Den dagen reiser også Marit -ho skal til Spania. Eg har ikkje det minste lyst å fare til Spania, same kor eg strevar med å lære meg spansk. Men eg skal på venninnetreff på hotellet ein dag. Vi er ein liten flokk med gamle lærarinner frå Velle skule som samlast av og til. Det var ei som fall ifrå sist haust,men vi er ein liten flokk som held det gåande enno.
Eg er litt skeptisk på hagearbeidet mitt i år. I fjor gjekk det bra, men i år er eg eit år eldre. Det er masse løvetann som skulle vore tatt opp, og kanskje får eg gjort det med tid og stunder. Graset er ikkje problem for eg går oppreist når eg køyrer klipparen.
Eg trur at eg kanskje får orden på bilda om ei stund. Der er mykje fint i beddet nedanfor garasjen, påskeliljer,tulipanar og andre løkvekster. Det er stas med det første som kjem. Alle dei blå blomstrane og andre løkplantar visnar litt etter kvart no.
 


torsdag, april 25, 2024

Dagbok 2024: 25.april i dag.





 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin som dei frakta på ein tilhengar. Dei stappa heile trestammen i eine enden, og så kom det ferdige kubbar ut andre enden. Eg hadde lyst å sjå det på nært hald, men eg syntest det var litt frekt å gå bort og mase på dei. Som de ser har eg fått til å legge ut bilde igjen på gamlemåten.

Klokka er no 17.00, temperaturen ute er + 8 grader, der er opplett, med litt skyer og litt sol. I dag var det trening frå 10 til 11  eller vel det. På heimvegen handla vi på KIWI, eg hadde hugselapp så eg kom no heim att med det meste som mangla.
Eg tok meg ei brødskive og så gjekk eg på Vernet. Mor til fysioterapeuten, ho som var terapeuten vår før, spurde om eg gjekk på Vernet enno-og det syntest ho var veldig bra. Eg synest det er greitt å gå der, så treng eg ikkje å tenkje så mykje på at eg må trimme. Det er ikkje mykje trim i å gå der, men litt er betre enn ingenting. 
Eg veit ikkje om eg har gjort så mykje i dag, eg har rydda litt her og der og så har eg strikka litt. Eg skulle vel ha rydda litt i tilbygget, for å gi plass til vedsekkane som Rasmus kjem med. Venstrehanda er ikkje heilt god, men ryggen er verst, så det er begrensa kva eg får gjort. Eg ser veldig fram mot å få besøk og eg reknar med at systrene også vil treffe broren mens han er her. Eg har  mange småjobbar til han, så det er best å lage ei liste.
Eg har rydda litt opp i stueplantane mine, men eg vil ta ein tur til Plantasjen og sjå kva eg kan finne der. Dei hadde fine små prestekragar på KIWI i dag, men det er vel for tidleg å plante noko ute? Eg brukar å ha i kassar utanfor kjøkkenvidua-
I dag er det Wenche som har fødselsdagog neste månad er det to av gutane som fyller år +Amanda her . Det er så enkelt å hugse alderen hennar for ho vart fødd i året 2000. Heile storfamilien fyller år i første halvdel av året, det eitt unntak; Erlend fyller år i november. I morgon er det fredag igjen, dei kjem ofte fredaganeno for tida. Det var ikkje slik den tida eg var i arbeid-

onsdag, april 24, 2024

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte.
Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no, og himmelen blånar. Eg kom nettopp att frå langtur  til Rjåneset. Der vart det stålande ver etter kvart. Eg har ikkje vore der ute sidan Nils levde og styrte med båten. Mykje er forandra, der er neste enda finare enn før. Grunnen til at eg var der i dag, var at pensjonistmøtet vart lagt til "restauranten" der ute.

Eg kunne ha køyrt utover sjølv, men eg var så usikker både på vegen og avstanden at eg valde å ta bussen. Det går buss til Ålesund den vegen, ein gong for timen. Eg tok den bussen som kom klokka 14.55. Det var ein svart mann som køyrde, men det gjekk heilt fin. Ei ung jente sette seg ved sidan av meg og spurde kvar eg skulle av, og vi skulle av på samme staden. Då eg gjekk ut av bussen kom eg i lag med ei dame her frå Vallabøen, ho har også sertefikat og bil, men ho er fleire og 90 år så ho tykte kanskje det var tryggast å ta buss. 

Då vi kom inn der møtet skulle vere, var der nesten fullt, eg skimta ein og annan som eg kjende, og sette meg ved eit bord der det sat to damer frå før, begge over 90 år. Den eine kjende eg frå før.

Eli, som er leiaren av laget, var sjukmeld, og det samme var mannen, Terje. Men resten av styret var veldig flinke til å ta seg av alt. Maten som vart servert var kaffi og smørbrød-og alt var godt.

Ein i styret kom og spurde meg kva eg syntest omå ha møte der ute. Det er ikkje lett å svare på det. Eg syntest det var greit å vere der i dag, men eg vil no ikkje at alle møta skal vere der ute.

Då vi skulle heim att håpte eg på at eg skulle få sitte å med einkvan, men det såg svart ut, så eg gjekk opp til haldeplassen og ville vente på ein eventuell buss. Då stoppa det ein bil og tok meg på, eg veit ikkje kven dei er, men eg kjende ho i baksetet, det var "veninna" mi frå Vallabøen , ho som er 94 år. Eg bad om at dei skulle sette meg av i VIK og då fann eg att bilen min og køyrde heim.

Det er ein kafe eller restaurant eller... som held til i huset på Rjåneset og mange tek søndagsmiddagen der. Det var veldig fint å sitte og sjå ut vindua. Eg hadde gløymt kor langt det var til Rjåneset -og eg kjende meg ikkje att langs vegen heller.  Så det var på tide eg fekk denne turen



tirsdag, april 23, 2024

Dagbok 2024: 23.april

 

Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese at ein skal klippe rosetrea  første veka i mai, men der er alt nye blad i enden på stilkane- så skal eg klippe dei ned likevel?


Klokka er no18.00. Temperaturen ute er+2 grader C, det er overskya og det har regna. I dag morgon var det snø på vegar og plenar, men den låg vel ikkje så lenge.

Sist natt låg eg i ro og vakna når eg skulle i dag tidleg. Marit og eg var på trening først, så var vi på ALTI og til slutt handla vi på KIWI før vi for heim. I dag har eg ikkje gått på Vernet, for eg var trøtt på ein måte. 

Eg ville fyre i omnen og huska at eg hadde ein heil sekk med oppklipte kvistar-eg trudde dei var frå i fjor, men så var dei ikkje så tørre. Då kom eg på at eg hadde klipt kvistar og greiner frå epletreet tidlegare i vår. Dei var sjølvsagt ikkje tørre, men med litt hjelp har eg fått dei til å brenne. Heldigvis tok naboen resten av greinene mine med seg på VØR, så eg har ikkje fleire sekker.

Etter at eg hadde ete middag, restar frå i går, sovna eg i godstolen min. Då eg vakna sette eg i gang å bake gulrotkake, det må eg alltid ha i hus, og no var det nesten slutt på den eg laga til bursdagen min. Det som er bra med gulrotkake er at dei toler mange turar opp og ned frå frysaren. Og desse ungdommane mine er veldig glade i den kaka.

I går fekk eg ei gledeleg melding, Rasmus ville komme på besøk  til meg komande helg. Det ser eg fram til, for det er så kjekt å ha han her, og så hjelper han meg med så mykje som eg ikkje greier sjølv. Eg må kanskje lage ei liste?

I morgon er det pensjonistmøte på Rjåneset, men eg veit ikkje om eg skal fare. Eg har ikkje køyrt der før og hugsar ikkje korleis vegen var, men eg kan ta buss. Eg får bestemme meg i morgon.

Eg har kava mykje med bilde på datamaskina, no vart eg så lei at eg sletta alle. Eg kjem kanskje til å angre på det, men mange bilde finn eg att på bloggen i alle fall. Eg håper det lettar opp litt til i morgon, det er kjedelig med regn, snø og kulde no når det skal vere vår.

I dag fyller svigerinna mi på Eid 79 år. Alle svigerinnene mine(3) har fødselsdag i april, og det har svigerdottera mi også. Eg set stor pris på dei alle.

mandag, april 22, 2024

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på PC-en og begynne på nytt. Så får eg sjå korleis det går. Desse to bilda har eg tatt i dag då eg gjekk på Vernet før middag. Som de ser er det ikkje strålande ver i dag, men skya og opp-lett. Førre veka fekk eg gjort nokså mykje her heime, og veka der før også,  no har eg ikkje lyst å gjere noko i det heile tatt, men det er vel ein overgang. Viss sola kjem att, får eg vel energien igjen, får eg håpe.
Det er nokså overskya ute og på PCen min står det: Snø/is advarsel. Det er + 8 grader ute no. Så vi har visst noko å sjå fram til. No har eg ikkje vore nokon stad på fleire dagar, men i morgon blir det trening, så då kjem eg meg ut. Onsdag skal det vere pensjonistmøte på Rjåneset, og det kan no bli litt spennande. Eg har ikkje vore der ute sidan eg var med Nils og såg etter båten. Eg trur eg tek bussen ut, så slepp eg å køyre.


Eg har eit problem med at eg vaknar altfor tidleg om morgonen, eg prøver å sovne igjen, men det blir ikkje skikkeleg søvn. Eg står som regel tidleg opp, men blir trøtt etter middagen og har lett for å sovne i stolen når eg skal sjå TV. Slik var det i dag også, men heldigvis hadde eg kome meg ut og gå ein tur på Vernet tidleg på føremiddagen,
Då eg kom heim sette eg meg til å prøve å få legge bilde inn på maskina. Det enda med at eg prøvde å slette alle bilda, men eg tru dei ligg ein eller annan stad på maskina. Dei to bilda som er her på bloggen, er i alle fall tatt i dag. Når eg går tur på Vernet følgjer eg med det som skjer i naturen og kor langt våren er komen. Lerketrea er begynt å bli grøne, men ikkje bjørkene. Eg var ein tur ned på plenen i dag og då såg eg at det var på tide å begynne å ta opp løvetannrøter, for dei er det flust av. Eg var ned og henta den tredje og siste av thuja-vedsekkene, så eg fekk fyrt godt i omnen. Eg har gjort lite og ingen ting i dag, men er får vel igjen arbeidslysta om ikkje altfor lenge. I morgon skal eg på trening i alle fall.



 

søndag, april 21, 2024

Dagbok 2024: 21.april



Eg har tatt mange fine bilde i dag, og somme av dei ligg på maskina, om berre eg finn dei att. Desse bilda av dei første tulipanane mine i år tok eg nettopp no nedanfor garasjen. Eg brukar å stikke diverse løkar ned i bedda der det er plass til overs. Som de ser er ikkje tulipanane fullkomne i fasong, men dei er nye av året.


Klokka er no17.00, temperaturen ute er +12 grader C, og sola skin, det har ho gjort i heile dag, men det har vore kjølig til tross for sola, den varma ikkje så godt inne ein gong.

Eg vakna tidleg i dag, og eg stod relativt tidleg opp. Eg hadde ingen planar for dagen, så eg tok like godt og gjekk ein tur på Vernet. Der var eg nesten åleine så tidleg på dag.

Eg såg gudstenesta på TV i dag, frå kyrkja på Ulsteinvik; der var det trongt om plassen når heile Ten sing og elevane på folkehøgskulen  - var på plass. Det var mykje song og musikk. Einar snakka om at dei ville bygge ny kyrkje i Ulsteinvik fordi den gamle var for lita. 

Då det var slutt på  kyrkja laga eg mat til meg sjølv. I dag vart det litt av eit måltid, eg åt for mykje og vart altdfor mett. Eg hadde steikt ørret til hovudrett og riskrem til dessert. Eg fekk litt dårleg samvit  fordi det vart så mange kaloriar. Eg var bedt opp til Marit på kaffi, og det tok eg imot, men berre kaffi og ikkje kaker.

Ho skal på konsert i dag også, men konsertar må eg velje vekk, for eg blir så brydd med tinnitusen. Eg har susen i øyret hele tida, men viss eg blir utsett for mykje lyd, vert det mykje verre. No er det så fint ute at eg kan tenke meg å gå ein tur til-men eg veit ikkje om det blir. Det går an å gå på Vernet fleire gonger for dag. Ein av grunnane til at eg går der, er at det er så trygt, det er lettare å falle når ein går i terreng enn når ein går på ein veg.

Eg ser at eg skulle ha støvsuga varmepumpa, dvs. støvmottakarane. Men eg finn ikkje ut korleis eg skal få det til. Det var så enkelt på den varmepumpa vi hadde før. Eg får høyre med Rasmus, han har vel same sorten pumpe?

I morgon er det heimedag og eg håper å få gjort noko i hagen, eller med thujaveden .


 


lørdag, april 20, 2024

Dagbok 2024: 20.april

 






Under over alle under, eg fekk til å legge ut bilda eg tok i dag føremiddag, eg trudde det aldri ville skje- Det verste er at når eg endeleg får til noko, så veit eg ikkje heilt kva eg har gjort.Men her ser vi korleis det stod til i dag morgon, med snø både her og der, men eg trur det meste er borte no.(Bilda er ikkje så klare som dei skal vere)

Klokka er no 17.37, temperaturen ute er + 8  grader, det er nesten overskya, men vi ser litt sol av og til.Då eg stod opp i dag låg det kvitt over alle markar, men vi reknar ikkje med at aprilsnøen blir liggande. I dag hadde er problem med å forstå at det ikkje var søndag. Eg hadde ingen planar om å gjere noko, så det vart til at eg sat ei god stund med spansk på datamaskina. Kor mykje som går inn er ikkje godt å seie. 
Marit og resten av familien skulle på konsert, Mari Ella spelar i to korps blant anna. Eg kunne sikkert fått vore med, men korpsmusikk er ikkje så bra for tinnitusen min, den er der heile tida, men blir verre i "bråk".
Eg fyrte litt i omnen i dag også.
Då eg kom att frå turen min sette eg på og laga risgraut. Eg prøvde på den måten å få bort søndagskjensla, men det var ikkje lett.

I dag hadde eg litt lyst bort i Furene , på Plantasjen, COOP og kanskje JULA?. Men eg synest ikkje det var kjekt å fare åleine. Plantasjen er no open i morgon også om eg skulle finne på noko

Eg åt grauten min til middag, men vart veldig trøtt etterpå, så eg sette meg inn i stolen og såg TV og strikka. Trur eg sovna aldri så lite.
Eg ser at der er støv i varmepumpa , men eg veit ikkje korleis eg skal få opne opp og støvsuge filteret, det var så enkelt på den vi hadde før. Eg får sjå om eg finn ei bruksanvisning, så eg slepp å rope på Helge. Eg har aversjon mot bruksanvisningar, så dei brukar eg å gøyme.

Det var mykje eg kunne ha gjort i dag, men eg gjorde så mykje i går at det var ikkje mykje attå gjere. Det er no hagestellet som ventar no, eg er redd for at eg ikkje får gjort så mykje.




Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...